Sogndal: Søkarboom og rekordhøge fødselstal gjer at Sogndal kommune sårt treng ein ny barnehage. I fjor valde politikarane å utsette valet av plassering, noko dei nok angrar på i dag.
Tanken var då å ta avgjerda når delar av kommuneplanen i år skulle reviderast.
– No ser det ut til at det arbeidet vil ta noko tid som følgje av kommunesamanslåinga, seier rådmann Jostein Aanestad.
Les også: Søkarboom til barnehagane skapar trøbbel i Sogndal
Kjem sak til sommaren
I fjor var Rutlin, Kvåle, Leighota, Nestangen og Nedrehagen blant kandidatane då vinden snudde og fleirtalet heller gjekk for utsetting. Sidan då har Campus og Bjella blitt fremja som alternative plasseringar.
– Vi vil sjølvsagt ta med dei to nye alternativa og også sjå om det er fleire som kan vere aktuelle. Så vil det bli fremma som eiga sak til formannskapet og vidare til kommunestyret, seier rådmannen.

Han seier målet er at politikarane skal få valet av plassering opp som eiga sak til kommunestyremøtet i juni.
Ordføraren har kandidaten klar
Det ser høgremann Einar Vatlestad fram til. Han meiner Bjella, eit område som ligg langs Dalavegen, omlag tre kilometer frå sentrum, er den klart best egna plasseringa. Eit synspunkt han meiner er støtta av barnehagefaglege vurderingar.
– I tillegg, viss vi byggjer der, så løyser det ut kanskje hundre einebustadtomter, noko vi verkeleg treng for å få ned prisnivået på bustader i Sogndal, seier han.
Då saka var oppe sist meinte ordførar Jarle Aarvoll at Rutlin, der psykiatrisenteret ligg i dag, var den beste plasseringa. Der er det minst trafikk og der bur det mest ungar.
– Utifrå dei barnehagefaglege vurderingane meinte eg det var det beste alternativet. Det har ikkje endra seg, seier Aarvoll.