PASSKONTOR: Eigentleg skulle politimeisteren i Vest legge fram plasseringa av passkontora i den nye politistrukturen denne veka, men saka er no løfta opp til politisk nivå. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
PASSKONTOR: Eigentleg skulle politimeisteren i Vest legge fram plasseringa av passkontora i den nye politistrukturen denne veka, men saka er no løfta opp til politisk nivå. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Plassering av passkontor kan bli ei ny kampsak

Eigentleg skulle politimeisteren bestemma kor passkontora skulle liggje i den nye strukturen, men no trekk prosessen ut.

Årdal: Ting har endra seg raskt og radikalt i prosessen kring plassering av passkontora i den nye tenestestrukturen i politiet. Eigentleg skulle politimeisteren lagt fram dette rundt desse tider, men eit vedtak i Stortinget påverkar prosessen.

Stortinget har nemleg bede regjeringa kome med ein plan som sikrar god balanse mellom kvalitet, tryggleik og tilgang for brukarane. Det er Justisdepartementet som no har fått jobben med å kome opp med ein plan for korleis kartet for passkontor skal sjå ut, skriv Hallingdølen.

– Me er gjort kjend med Stortingets vedtak. Me er no i dialog med Politidirektoratet om kva konsekvensar dette vil kunne gi for prosessen. Me reknar med å kunne seie noko meir om dette i løpet av den neste månaden. Inntil vidare går den lokale prosessen i politidistriktet med å kome med forslag til ny struktur til passkontor som planlagt, seier politimeister Kaare Songstad til Porten.no.

Det betyr at prosessen vert trekt ut i tid i det som kan bli ein ny kampsak for kommunane. I Indre Sogn er det i dag passkontor i Luster, Sogndal, Lærdal og Årdal. Sistnemnde har allereie uttrykt sitt klare ønske.

PASSKONTOR I ÅRDAL: I eit brev sendt til politimeisteren i Vest gir rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid uttrykk for at dei vil behalde passkontoret i Årdal. 
PASSKONTOR I ÅRDAL: I eit brev sendt til politimeisteren i Vest gir rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid uttrykk for at dei vil behalde passkontoret i Årdal. 

– Årdal kommune krev at denne tenesta framleis vert utført ved tenestestaden her i Årdal, alternativt at det vert lagt opp eit passkontor på sørsida av Sognefjorden med lokalisering til tenestestaden Årdal lensmannskontor, skriv kommunen i eit brev, signert ordførar og rådmann.

Skriv ut 600 pass i året

Brevet, som er datert 29. mars, er sendt til Vest politidistrikt. Her legg kommunen fram argument for kvifor dei bør få behalde passkontoret og viser til mellom anna tal innbyggjarar.

– Det er såpass mange pass som vert utskrive ved kontoret i Årdal at me ønskjer å ha eit passkontor her. Me ønskjer mest mogleg innhald til kontoret vårt no når me fekk behalde det. Pass er ei publikumsretta teneste som me ønskjer blir verande, seier Arild Ingar Lægreid til Porten.no.

Til vanleg vert det skrive ut om lag 1000 pass i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland i året. Om lag 600 av desse er til folk frå Årdal kommune, kjem det fram av brevet.

VENTAR PENGAR: Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn, forventar at politikarane følgjer opp med pengar dersom det skal vere fleire passkontor.
VENTAR PENGAR: Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn, forventar at politikarane følgjer opp med pengar dersom det skal vere fleire passkontor.

To scenario for Indre Sogn

Ettersom Stortinget no skal involverast i prosessen betyr dette at prosessen vert forseinka, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, til Porten.no.

Han seier han aldri har lagt skjul på at Sogn bør ha ein passlokasjon på både sørsida av fjorden og i Sogndal. 

– Men dette handlar om kostnad. Viss Stortinget meiner me skal ha kontor fleire plassar, må dei ta kostnaden. Då må det vera politisk vilje til å betale det som det kostar. Det blir meiningslaust med krav til ny struktur og late politiet ta heile rekninga åleine, seier han.

Regionlensmannen meiner det no ligg føre to scenario for Indre Sogn sin del. Det eine er at det einaste passkontoret vert lagt til Sogndal. Det andre er at Sogndal for eit kontor, og så blir det andre kontoret lagt til anten Årdal eller Lærdal. 

Til toppen