NY PLATE: Fredag gav Ketil Thorbjørnsen ut den andre plata i Verdsmannen-prosjektet sitt. Plata har fått namnet «Vi treng trøyst». Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY PLATE: Fredag gav Ketil Thorbjørnsen ut den andre plata i Verdsmannen-prosjektet sitt. Plata har fått namnet «Vi treng trøyst». Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Plateaktuell med tema som sjølvmord og rus

Fredag kjem den andre plata til Ketil Thorbjørnsen, eller Verdsmannen som han også vert kalla. Det er eit dystert album, men alt går bra til slutt.

Årdal: Det seier musikaren, som er busett på Årdalstangen, sjølv om den andre plata i Verdsmannen-prosjektet. Tidlegare i vinter har han slept fleire låtar der han tek opp innvandring, rus og bygdedyret. No er alle åtte låtane å høyre.

I ei tid no har han allereie drive førehandssal av albumet, og tilbakemeldingane har vore gode så langt. «Vi treng trøyst», som plata heiter, er det andre i rekka etter at den første kom i 2017.

– Viss timinga stemmer, kan dette vere det som gjer at du verkeleg slår gjennom?

– Eg var veldig naiv då eg gav ut den første plata. Eg tenkte at musikken var det viktigaste, og så lenge det var på stell, så ville resten gå av seg sjølv, men det kan verke som at om du har bra musikk, spelar liten rolle, men kven du kjenner. Det blir feil for meg. Me tar det som det kjem, seier han og smiler.

Får god støtte frå folk

Thorbjørnsen er avslappa og sit og sel CD-ar på Årdalsenteret. Han har fått på plass ein distribusjonsavtale til dette albumet, men det betyr ikkje at ein ikkje må bidra sjølv.

– Det er heilt uunnverleg for å nå ut til fleire. Poenget er ikkje å bli verdsstjerner, men å laga kul musikk. Me ser litt på det som ringar i vatnet, at me når litt lenger og litt lenger. Me allereie kome lenger med denne enn med den første plata. Folk er veldig, veldig flinke til å støtte opp.

Sjølv skildrar han plata som dyster, noko som på ein eller annan rar måte heng saman. Og alt er ikkje berre svart. 

– Det kjem drypp av håp. Til slutt kjem ei låt som avsluttar det heile med å seie at det går bra til slutt, forklarar han.

Tek opp tabu-tema

Inspirasjonen hentar han frå samtida, der eigen erfaringar og det ein møter i livet er smelta saman. I låtane tar han opp viktige tema, gjerne tema som få vil snakke om, som sjølvmord og rus.

– Der skil eg meg kanskje litt ut ved at eg tek tak i ting folk ikkje torer å skriva om. Sjølv er til dømes veldig tabu i samfunnet og media generelt og noko ein skal trå varsamt med, men samstundes er det viktig at nokon set ord på det. Det finst ikkje alltid løysingar på problema, men det går an å belysa dei litt, seier han.

Det tar tid å lage ein god låt. Faktisk kan han bruke godt opp mot ein månad på berre éin tekst. 

– Då eg dreiv og knota på engelsk, var det stort sett halve songar og så gav eg opp. Eg brukar lang tid på ein tekst, og det meiner eg er ein av styrkane i prosjektet vårt. Då må ein vera standhaftig og ikkje gi opp. Skrive ei setning til og ei setning til. Det er berre éin låt eg har skrive på ein dag, og det var på første plata.

Dugnadsprosjekt

Han seier «vårt prosjekt». For bak står gode vener og hjelper til. 

– Eg har gode folk med meg som støttar opp med Øyvind Aga, Ørjan Lindborg og onkelen min. Dei er stammen, og eg er heilt avhengig av dei for dette er eit dugnadsprosjekt. 

– Samstundes får eg tilbakemeldingar frå proffe musikarar at dei likar både tekst og låt. Sjølv om me berre er amatørar, er det i det minste greitt å få dokumentert det me held på med.

Thorbjørnsen er nedpå og avslappa, seier han ikkje passar inn i ein musikkbransjekarusell, men musikken luktar det svidd av, og så vil tida vise om alt går bra til slutt for Verdsmannen-prosjektet også.

Til toppen