Platemelding: Verdsmannen har det som skal til

MEININGAR

Platemelding: Verdsmannen har det som skal til

Han seier han ikkje tenkjer så mykje på det å slå gjennom, men Ketil Thorbjørnsen og prosjektet hans er i ferd med å finne formelen som skal til.

Det nye albumet til Verdsmannen Thorbjørnsen sit som ei kule, iallfall nesten. For det er vel eigentleg berre smak og behag som avgjer om dei åtte låtane ein finn på «Vi treng trøyst» kvalifiserer til ein toppkarakter eller ein firar.

Me høyrte tendensane allereie då den første singelen «Svik» kom ut tidlegare i vinter. Eg hugsar eg tenkte: «Dette fungerer som berre fy!» Det minna om Kaizers, og berre det i seg sjølv betyr jo at du har føresetnad for at låten blir godt likt.

Men det betyr ikkje at musikken ikkje står for seg sjølv, for det gjer han så til dei grader. Det neste dryppet me fekk var «Hundre hol i armen», og det er noko mektig over det heile. 

Det er liksom noko som dreg deg tilbake kvar gong ein har høyrt ein låt. Eit riff her, eit taktomslag der. Neste gong du lyttar, høyrer du plutseleg nye moment som du ikkje oppdaga den første gongen – moment som kanskje endrar stemninga i deg litt, og som gir deg godkjensla som musikken skal gi.

Instrumentalt er det eit spennande album, og det er utruleg kult å tenkja på at dette er «amatørar» – det er det Thorbjørnsen sjølv kallar seg – som skapar så fantastisk god musikk. Det er også uendeleg fett med trekkspel og pumpeorgel. Det kult at du testar grensene litt og finn noko som er berre deg. Følg det sporet.

Det skal godt gjerast ikkje å nikka litt når ein set på «Bygdedyret». Enkle og godt fungerande riff fyller øyro. Thorbjørnsen viser si røffe røyst og side. Berre få minutt tidlegare har han tatt det ned i «Trøyst», der ei sår, men bestemt side kjem fram. Dette er ein av mine personlege favorittar frå albumet, spesielt når dei matar på og dreg til utover i låten. Tøft!

Vokalt er dette også bunnsolid. Det er ikkje gjort forsøk på briefing. Det enkle er ofte det beste. Det høyrest ikkje framtvinga ut eller miksa ihjel. Det er røft, slik rock skal vera. 

Til slutt skal ein heller ikkje gløyme tekstane. Thorbjørnsen vågar å ta opp tema få vil snakka om. Han tek opp framandfrykt, rus, bygdedyret og sjølvmord. Det krev mot å snakke om slike tema. Men det krev òg kunnskap og erfaringar. Det krev eit liv, og nettopp difor meiner eg dette albumet har det som skal til. 

Det ligg eit liv i dette arbeidet. Det ligg fleire liv. Det ligg hardt arbeid, timar med speling, og det ligg ferdigheiter. 

Set ein alt dette saman, så blir resultatet min soleklare favoritt på dette albumet – «Betongskogens gut». Denne har alt. Den rockar, og det er her eg føler Thorbjørnsen har lykkast best med teksten. Han skapar gode bilete og får deg til å forstå tema utan at du nødvendigvis forstår det. Han får deg til å tenkja, og for meg er det kanskje den viktigaste jobben til ein kunstnar.

Om Verdsmannen blir verdsstjerne, er det nok mange faktorar som avgjer, men Verdsmannen har det som skal til.

Albumet får terningkast 5 fordi det definitivt høyrer heim på den øverste skalaen, men ikkje alt fell i smak, og difor innleia eg med å seie at det er litt smak og behag som spelar inn på karakteren, og då er det greitt med det midtste av dei tre øvste.

Og så må jo Verdsmannen ha noko å strekke seg etter sjølvsagt. 

Til toppen