KVILE: Andreas Løvold, gartnar i Botanisk hage, kuttar trea i kvilesesongen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.
KVILE: Andreas Løvold, gartnar i Botanisk hage, kuttar trea i kvilesesongen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.

Plei hagen no

Viss du steller hagen no, sparer du mykje arbeid når våren og sommaren kjem. Her er sjekkliste for hausthagen.

Andreas Løvold kuttar eit par tynne greiner som står rett opp på plommetreet i Botanisk Hage i Oslo, før han peiker på nokre andre greiner, som har meir horisontal vekst.

– Dei der vil eg spare. Dei er meir solide enn greiner som veks oppover. Flatare greiner gir også meir blomar og meir frukt, tipsar han.

Løvold er anleggsgartnar og arborist og jobbar no som gartnar i Botanisk hage. Av praktiske årsaker kuttar han som regel trea der i kvilesesongen, omtrent mellom november og til og med mars. Han er oppgitt over dei mange mytane som vert presenterte når det gjeld riktig tidspunkt for skjering av tre.

– Kvar vår les ein at no må vi ut i hagen og skjere. Og ein får komiske skildringar, som at ein skal skjere så mykje at ein skal kunne kaste ein hatt gjennom. Det er feil.

Det mest dårlege tidspunktet å kutte tre på, er seint på våren, ifølgje gartnaren.

– Dei fleste tre kan eigentleg kuttast nesten når som helst, men ikkje vent til sein vår, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

SNITT: Viss det er for kaldt, kan store sårsnitt gi ei betydeleg belastning for treet.
SNITT: Viss det er for kaldt, kan store sårsnitt gi ei betydeleg belastning for treet.

Når planten startar vekstsesongen, trenger han mykje energi og er sårbar.

– Vert det påført stress i denne perioden, kan det vere uheldig. Våren er også ei tid då sjansen er høg for stor fluktuering mellom dagtemperatur og nattetemperatur. Høg dagtemperatur med mykje lys kombinert med låg nattetemperatur er ei stor påkjenning som kan føre til frostsprekkar og plantedød, seier han.

Under ti prosent

Det aller beste tidspunktet for skjering av tre skal vere på høgsommaren, rundt jonsok, medan energireservane til blomane er på topp, og vekstsesongen ikkje er heilt over. Viss du ikkje rakk det i sommar, eller synest det er kronglete med alle blada, er det nest beste alternativet å vente til seinhausten, meiner Løvold.

– Etter avmodning, når blada har falle, skjer det så lite i treet. Då er det små sjansar for sjukdom og sopp. Og så er det praktisk fordi treet er veldig oversiktleg, det er enklare å gjere ein god teknisk jobb når treet ikkje har lauv.

Unntaket er tre som blør, som kirsebær, plomme, fersken, bjørk og lønn. Dei bør ikkje kuttast ved for kalde temperaturar.

– Viss det er nattefrost, kan dei få frostsprekkar og døde felt, seier Løvold, som meiner mengda er viktigare enn tidspunktet.

– Viss det ikkje er spesielle årsaker, hald nedskjeringa til under ti prosent, råder han.

Få bort alt sjukt og dødt

Av andre hagepleieråd om hausten rår Løvold folk til å dekke til rose- og staudebed med granbar eller strie, for å beskytte mot kulden. Både roser og avblomstra kan klippast ned.

Sissel Alvestad, gartnar og produksjonsansvarleg ved Vea, Statens fagskule for gartnarar og blomsterdekoratørar, minner om at eigarar av bringebærbusker må hugse å kutte.

Artikkelen held fram under biletet.

FJERN: Sjuk frukt og dødt materiale må fjernast for ikkje å spreie sopp og sjukdom.
FJERN: Sjuk frukt og dødt materiale må fjernast for ikkje å spreie sopp og sjukdom.

– Skjer vekk alle greiner som har hatt bær, seier ho.

Det viktigaste i hausthagen er derimot å få bort alt som er sjukt og dødt, så det ikkje ligg og spreier sjukdom.

– Viss det ligg mykje plantemateriale rundt omkring, kan det komme sopp og andre skadedyr, seier ho, og påpeiker at brunsniglar kan overvintre ved å gøyme seg i dødt plantemateriale.

Alvestad frårår skjering av tjukke greiner viss det er kaldt.

– Viss ein kuttar ned midt på kaldaste vinteren, får ikkje snittet noko vern. Ein kan kutte i august, for då får sårflata grodd litt igjen før vinteren. Det spørst også kvar i landet du bur, seier ho.

Overvintring

Mange tar inn planter, for eksempel fuksia og pelargonia, for at dei skal overvintre.

Då er det nokre ting du bør hugse spesielt på.

– Ta av mesteparten av blada og klipp ned planten. Temperaturen inne skal vere frå ein til ti grader, viss du har ein lys vinterhage kan det vere varmare enn viss det er mørkt. Hugs at plantene ikkje må tørke ut eller vere for våte, seier Alvestad, som også trekker fram planting av løk som viktig haustaktivitet, i tillegg til å ta inn krukker som ikkje toler frost. Graset bør ikkje vere for høgt (eller for snautt), og dei blada på plenen bør nok gjerast noko med.

Artikkelen held fram under biletet.

UTSTYR: Ei greinsag og ei god hagesaks bør alle seriøse hageeigarar ha.
UTSTYR: Ei greinsag og ei god hagesaks bør alle seriøse hageeigarar ha.

– Blada bør ikkje liggje for tett. Viss du ikkje orkar å rake, kan du køyre over blada med grasklippar. Det gir eigentleg gode vilkår for meitemakken, seier Alvestad, som kan fortelje at det er vanleg praksis på Vea.

Og viss du orkar, får du mykje igjen for å luke.

– Det er aller lurast å luke på hausten, då sparer du masse tid neste sommar, seier ho.

Og elles er hennar beste råd å nyte hausthagen mest mogleg.

– Det meste kan liggje til våren, seier ho. (©NPK)

Til toppen