FORSEINKA: Først åtte månader etter at fristen gjekk ut startar Politidirektoratet å lage betre rutinar for trippelvarsling av nødetatane ved dramatiske hendingar. 
FORSEINKA: Først åtte månader etter at fristen gjekk ut startar Politidirektoratet å lage betre rutinar for trippelvarsling av nødetatane ved dramatiske hendingar.  (Foto: Ina Eirin Eliassen)

POD åtte månader forseinka med pålegg etter trippeldrap

Først åtte månader etter at fristen gjekk ut startar Politidirektoratet å lage betre rutinar for trippelvarsling av nødetatane ved dramatiske hendingar.

Årdal: VG skriv at Politidirektoratet (POD) ikkje har gjort noko sidan eit mandat vart gitt i mars i fjor med frist til 15. januar i år.

Politidirektoratet vart utpeikt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) til å leie arbeidet med trippelvarsling av politi, ambulanse og brannvesen, og mandatet var klart: Dei skulle levere ein nasjonal prosedyre for trippelvarsling som skulle vere «sluttført, klart til godkjenning og implementering» innan 15. januar 2017, skriv avisa.

– Vi beklagar sjølvsagt at vi ikkje har starta dette arbeidet, men må samtidig vere tydeleg på at det allereie er rutinar for trippelvarsling på plass som blir brukte kvar dag. Derfor kan det ikkje skapast eit inntrykk av at det ikkje er velfungerande trippelvarslingsrutinar på plass. Den nasjonal prosedyren vi skal arbeide med, skal ytterlegare forbetre det regelverket som allereie er i bruk, skriv seksjonssjef Jørn Schjeldrup i POD i ein e-post til VG.

Bakgrunnen var drapa på Valdresekspressen 4. november 2013 der det var brannmenn som til slutt arrestert gjerningsmannen. Politiet tok feil veg til åstaden og kom først etter halvannan time. Rapporten som kom i kjølvatnet av trippeldrapet avslørte alvorlege manglar i samarbeidet mellom nødetatane. Drapa kunne ikkje blitt avverja, men avgjerande informasjon var gått tapt i kommunikasjonen mellom AMK-sentralen, politiet og brannvesenet.

(©NPK)

Til toppen