Denne helga går Nasjonalparkfestivalen av stabelen i Årdal. I samband med det har Porten.no laga ei spesialutgåve av podkasten vår. Frank Eldegard, Torunn Todal Laberg og Kristoffer Nystedt er gjestar, medan Truls Grane Sylvarnes styrer spakane.
Stiftinga meiner sjølv dei nærast startar på nytt med festivalen dette året, sjølv om den allereie har ei rik historie. Korleis har dei jobba, er dei stressa, kva skjer i helga? Alt dette får du høyre meir om.
Dessutan er panelet innom reiselivet i Årdal, som har sett ein ny vår dei siste åra. Kva tenkjer aktørane sjølve om dette?
Og til slutt skal sjølvsagt Folkevegen til Vetti få si fortente hyllest. I år er det 40 år sidan Noregs største dugnadsprosjekt stod ferdig.
Hugs at du kan høyre andre podkastar som Porten.no har laga tidlegare her.