Aurland: Det var inne på eit vinterstengt toalett ved parkeringsplassen ved Nedre Brekkevegen i Flåm, der Flåmselvi går ut i fjorden, at det tok fyr onsdag.
Politi og brannvesen rykte ut til staden og starta slokkingsarbeid klokka 12:51. Før dei fram hadde folk på staden tømt fire brannslokkingsapparat i forsøk på å slokka brannen.
– Brannen er no sløkt, og patruljen på staden trur at ein elektrisk handtørkar har forårsaka brannen. Både vindauge og dører var låst, så det ser ut til å ha vore ein elektrisk feil. Me har ikkje mistanke om at brannen var påsett, seier operasjonsleiar Per Algrøy til Porten.no rett etter klokka 13.
Såg blålysa

Johanna Lindstrøm, tilsett ved Flåm Camping og Vandrarheim, som ligg i Nedre Brekkevegen 12, seier til Porten.no klokka 12:56 at ho kunne sjå blålys nede ved strandkanten.
– Eg kan sjå og høyre blålys frå stranda. Det er nokre hus der nede som har offentlege toalett. Eg kan sjå kring tre bilar der nede, men eg ser ikkje om dei er heilt nede på stranda, seier Lindstrøm.