POLITIAPEKATT: «Apa» og sjåføren Tonje i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal.
POLITIAPEKATT: «Apa» og sjåføren Tonje i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal.

Politiapekatten «Apa» vitja Sogndal

Borna fekk møte verdas einaste politiapekatt laurdag ettermiddag.

Sogndal: I ettermiddag hadde born frå Sogndal og alle nabokommunane møtt opp for å sjå politiapekatten «Apa» og sjåføren Tonje.

Senterleiar på Amfi Sogningen, Wilhelm Fredrik Tangerud, seier til Porten.no at det er andre gongen Vennebyen vitjar saftbygda. Førre gong var for to år sidan.

Selfie med «Apa»

Arrangementet er ei fin oppleving for foreldre og dei aller minste seier Tangerud.

– I dag køyrde dei to show og gjekk etterpå rundt på senteret i to timar, slik at borna fekk seg ein selfie.                                                                                                         

Senterleiaren er godt nøgd med oppmøtet. Det var opp mot 200 store og små som hadde møtt opp.

Vennebyen er ein norsk animasjonsserie for born i alderen 2-6 år. I Noreg vert serien vist på TV2.

Til toppen