ALVORLEG SAK: Ein politibetjent er mellombels suspendert frå jobben etter å ha blitt sikta for promillekøyring. To kollegaer som sat på då bilen køyrte utfor vegen har fått status som mistenkte.
ALVORLEG SAK: Ein politibetjent er mellombels suspendert frå jobben etter å ha blitt sikta for promillekøyring. To kollegaer som sat på då bilen køyrte utfor vegen har fått status som mistenkte. (Arkiv)

To kollegaer var passasjerar då promillesikta politibetjent køyrde av vegen

No er føraren sikta både for promillekøyringa, og for å ikkje ha varsla politiet om det som skjedde. Kollegaene har fått status som mistenkte.

Sogn og Fjordane: I ei pressemelding tysdag opplyser Vest politidistrikt om den uvanlege siktinga.

Utforkøyringa skjedde i Sogn og Fjordane natt til laurdag. Ingen av dei tre involverte vart skadde i hendinga. Politiet blei varsla neste dag om det som hadde skjedd.

Ein patrulje frå Møre og Romsdal politidistrikt kom laurdag til staden for å gjennomføra avhøyr og ta promilleprøve av bilføraren. Politidistriktet i nabofylket vil ta seg av den vidare etterforskinga. 

– Det er førebels for tidlig å seia noko om kva som har skjedd. Føraren av bilen har status som sikta og vedkommande er suspendert inntil vidare frå sin jobb i politiet. Dei to passasjerane har status som mistenkte, skriv politiet i pressemeldinga.

Skuffa politisjef 

Alle tre i bilen er tilsette i driftseining Sogn og Fjordane.

Av omsyn til personvernet til dei tilsette vil politiet ikkje gå ut med detaljer om kor ulukka skjedde eller dei involverte.

– Uansett kva som vert utfallet av etterforskinga er dette ei uheldig og trist sak som vitnar om dårleg dømmekraft frå dei tilsette, seier politileiar Arne Johannessen i Sogn og Fjordane.

Til toppen