HALVAPRTEN: Nær halvparten av tenestestadene i landet er foreslått nedlagde. Det er framleis usikkert om kva for lensmannskontor på sørsida av fjorden som vil bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
HALVAPRTEN: Nær halvparten av tenestestadene i landet er foreslått nedlagde. Det er framleis usikkert om kva for lensmannskontor på sørsida av fjorden som vil bestå. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Politidirektøren avviser lokale politikutt

Dei lokale politidistrikta har gått for langt i forslaga sine til kutt i talet på lensmannskontor, fastslår politidirektør Odd Reidar Humlegård. Nær halvparten av tenestestadene er foreslått nedlagde.

  • Endret

Sogn: Som ein del av den pågåande politireforma har dei tolv politidistrikta i landet i lengre tid jobba med forslag til kor mange lensmannskontor og tenestestader som kan kuttast i deira distrikt. Ifølgje Politiforum , fagbladet til Politiets Fellesforbund, vil dei lokale arbeidsgruppene foreslå å leggje ned til saman 163 tenestestader. Det inneber nær ei halvering av dagens 340 tenestestader.

– Dette er for mange. Eg står personleg som garantist for at ikkje så mange lensmannskontor vil bli lagde ned, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård i ein kommentar til NTB.

Etter planen skulle politimeisteren leggje fram sitt forslag fredag 14. oktober, men dette kjem truleg rett over helga i staden. 

Galla og fisketur

Det er eit uttalt mål for politireforma at talet på tenestestader skal bli færre og større. Stortinget sette derimot eit minstetak på 210 tenestestader før sommaren. Med kuttforslaga til arbeidsgruppene vil totaltalet ende på 177 distrikt, 33 færre enn Stortingets krav.

Humlegård seier dette har skjedd fordi kvart distrikt berre har sett på sine lokale forhold utan å ta omsyn til heilskapen nasjonalt.

– Det er vår oppgåve i Politidirektoratet (POD) både å sørgje for at totaltalet ikkje går under 210 tenestestader og å sørgje for at distrikt som er geografisk og strukturelt like, ikkje blir for ulike. Litt skreddarsaum kan vi godta, men vi kan ikkje ha eitt distrikt som har kledd seg for gallamiddag, og eit anna som har kledd seg for fisketur, fastslår Humlegård.

– Vi ser at nokre har vore villig til å gå lenger enn andre, legg han til.

Kuttforslaga frå dei ulike distrikta sprikjer frå null (Oslo) til 23 tenestestader (Trøndelag), viser oversikta frå Politiforum.

Minstemål

Kommunane har no ein høyringsfrist på seks veker til å komme med eventuelle innvendingar til forslaga. Politimeistrane skal så komme med ei ny innstilling basert på høyringsrunden innan 15. desember. Siste ordet får POD som kjem med endeleg innstilling til nasjonal struktur innan 15. januar neste år.

– Viser dei lokale prosessane at Stortingets tal på 210 tenestestader er for høgt?

– Nei, det er eit tal som er tufta på politianalysen og basert på oppdragsstatistikken over fleire år. Eg seier ikkje at 210 er det einaste riktige talet, men eit tal på 177 kontor, er eg ikkje komfortabel med. Då blir det for langt mellom kvar tenestestad. 210 er eit bra minstemål, seier Humlegård.

– Mannefall

Politiforum omtaler det foreslåtte kuttet i talet på lensmannskontor som eit mannefall:

– Av dei 271 lensmannskontora har 159 ikkje livets rett, ifølgje arbeidsgruppene, skriv bladet.

Av dei 68 tenestestadene som vert definerte som politistasjonar, vert det foreslått å leggje ned berre fire.

Sjølv om nokre av desse lensmannskontora i praksis allereie står tomme, vil dei aldri kunne opnast igjen dersom dei vert bestemt nedlagde, ifølgje fagbladet.

Til toppen