NYE TENESTESTADER: Regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) informerte før jul lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og staben hans at dei skal flytta ut av lensmannskontoret i Årdal. Slik står det seg framleis etter at politidirektøren har sagt siste ord i saka. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
NYE TENESTESTADER: Regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) informerte før jul lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og staben hans at dei skal flytta ut av lensmannskontoret i Årdal. Slik står det seg framleis etter at politidirektøren har sagt siste ord i saka. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Politidirektøren held på nedlegging av lensmannskontora i Årdal og Aurland

Verken lensmannskontoret i Årdal eller Aurland var blant kontora Politidirektøren redda.

Indre Sogn: Etter at politimeistrane kom med si innstilling til korleis kartet med lensmannskontor skal sjå ut, kom politidirektøren med si endelege innstilling i ein pressekonferanse fredag føremiddag.

Politimeister i Vest Distrikt Kaare Songstad innstilte at lensmannskontora i Årdal og Aurland skal leggjast ned og at lensmannskontoret for Indre Sogn blir liggjande i Lærdal. Slik står det seg framleis etter at politidirektør Odd Reidar Humlegård har sagt siste ord i saka.

Les også: Politimeisteren går for lensmannskontor i Lærdal

Les også: Politidirektøren reddar nokre få lensmannskontor

Det er klagerett for kommunane på vedtaket, men dette går først og fremst på formelle feil.

– Ein del vil vera ueinige i resultatet, men det er prosessen som er gjenstand for klagerunden, som startar i dag. Det er også difor me har vore så opptekne av prosessen, sa politidirektør Humlegård. 

Samanslåing i to omgangar

Regionlensmann Arne Johannessen har tidlegare opplyst til Porten.no at den mannskapsmessige kabalen etter nærpolitireforma blir lagt og iverksett no i sommar - det vil mellom anna innebera at det blir ein lensmann for dei tre kommunane frå då av. 

Artikkelen held fram under biletet

HER?: Mest truleg er det denne bygningen på Grandane i Lærdal som blir Magne Knudsen sin nye fysiske tenestestad i løpet av det komande året. Arkiv
HER?: Mest truleg er det denne bygningen på Grandane i Lærdal som blir Magne Knudsen sin nye fysiske tenestestad i løpet av det komande året. Arkiv

Lensmannskontora i Årdal og Aurland vil fysisk vera oppe og gå lengre, før samlokalaseringa truleg er på plass i løpet av eitt års tid.

Les også: Dette kan bli den nye tenestestaden til Knudsen

Lensmannskontora politidirektøren redda i høve kva politimeistrane hadde innstilt var: 

  • Grane og Hattfjelldal lensmannskontor og Tysfjord lensmannskontor i Nordland
  • Smøla lensmannskontor på Møre
  • Drangedal lensmannskontor i Telemark

Med andre ord vart ingen lensmannskontor i Sogn og Fjordane eller Vest politidistrikt redda i høve kva politimeisteren hadde innstilt.

98,6 prosent av innbyggjarane i landet innanfor responstid på 45 minuttar

500 tilsette blir berørte når 126 av politiets tenestestader no blir lagt ned, og sju nye oppretta. Noreg vil dermed stå att med 221 tjenestesteder.

– Det er gjort eit omfattande og grundig arbeid, og prosessen har etter vår meining vore god og innanfor krava, sa Humlegård.

Han la også til at politidirektoratet dei siste vekene spesielt har sett på område der det blir veldig langt for folk til næraste lensmannskontor, og opplyste at 98,6 prosent av innbyggjarane i landet vil vera innanfor ei responstid på 45 minuttar etter  den omfattande nedlegginga av lensmannskontor

Til toppen