NOKRE FÅ: Politidirektør Odd Reidar Humlegård kjem fredag med den endelege lista over kva lensmannskontor som blir nedlagde. Foto: Flickr/Politiet i Vestfold
NOKRE FÅ: Politidirektør Odd Reidar Humlegård kjem fredag med den endelege lista over kva lensmannskontor som blir nedlagde. Foto: Flickr/Politiet i Vestfold

Politidirektøren reddar nokre få lensmannskontor

Politidirektøren reddar ei handfull lensmannskontor frå nedlegging, men held elles fast ved forslaga frå politimeistrane til ny struktur.

Politimeistrane har foreslått å legge ned 130 av lensmannskontora vi har i dag, slik at Noreg står igjen med 217 tenestestadar.

SISTE SJANSE: Fredag blir det klart om lensmannskontoret i Årdal er av kontora politidirektøren reddar. Arkivfoto
SISTE SJANSE: Fredag blir det klart om lensmannskontoret i Årdal er av kontora politidirektøren reddar. Arkivfoto

Det endelege svaret blir lagt fram fredag formiddag. Politidirektør Odd Reidar Humlegård vil ikkje seie kva det endelege talet blir, men presiserer at det er snakk om nokre ganske få endringar.

– Vi har gjort nokre justeringar der vi syntest det vart litt langt mellom distrikta, eller at litt for mange fekk litt for lang reiseveg, seier Humlegård til NTB.

Dei få påplussingane er også den einaste endringa som er gjort. Det blir altså ingen nedleggingar utover det som allereie er foreslått av politimeistrane sjølve.

– Det ville skape unødvendig uro. Dette er tenestestadar som er marginalt bemanna, og i tvilstilfelle har vi komme til at det betyr lite i den store samanhengen, seier han.

Kan klage

Etter at kuttlista er lagt fram, er det åtte vekers klagefrist. Om det kjem klager, vil Politidirektoratet vurdere om lensmannskontor som er på lista, likevel har livets rett.

– Vi hevdar ikkje at vi har funne svaret med absolutt to strekar under. Vi kjem til å ta klagemoglegheita på alvor, men vi kjenner veldig godt distrikta og vi meiner prosessen har vore god, seier Humlegård.

Dersom nokon klagar på nedleggingsprosessen og ikkje vinn fram hos politidirektøren, vil saka gå vidare til Justisdepartementet.

500 tilsette

Kor snart avviklinga av lensmannskontora kan komme i gang, er ikkje godt å svare på. Humlegård presiserer at det vil ta tid. Det handlar om ei rekkje praktiske forhold, husleigekontraktar og anna.

Om lag 500 medarbeidarar vil bli berørt – politifolk så vel som kontormedarbeidarar. Desse vil bli overførte til nye tenestestadar, og mange tilsette har vore opptatt av at dei får lang reiseveg. Ifølgje politidirektøren vil dei i gjennomsnitt få tre mil lengre reiseveg til sin nye jobb.

Til toppen