KUTT: Ifølgje Nettavisen er politidistrikta i Noreg varsla om kutt i budsjettet for 2016, noko som vil kunne råke publikum. Illustrasjonsbilete.
KUTT: Ifølgje Nettavisen er politidistrikta i Noreg varsla om kutt i budsjettet for 2016, noko som vil kunne råke publikum. Illustrasjonsbilete.

Politidistrikta varsla om kutt neste år

Det kjem fram i eit brev som Nettavisen har fått tilgang til. Brevet er blant anna sendt til alle politimeisterar i landet.

Årdal/Lærdal: Den mest optimistiske modellen som blir lagt i brevet er dei same budsjettrammene i 2016 som i 2015, noko som inneberer ein realnedgang, skriv Nettavisen.

«Budsjettrammene for 2016 er førebels ikkje fastsett. 2016 vil i mellomtida også bli eit meget krevjande år som følgje av den økonomiske situasjonen etaten står overfor. Handlingsrommet komande driftsår kan bli begrensa som følgje av produktivitetsgevinst, finansiering av fellesprosjekt og eventuelle andre satsingar,» heiter det i brevet.

Dette vil kunne påverke budsjettrammene til alle verksemder i politi og lensmannsetaten, står det vidare.

Lokallagsleiarar i Politiets Fellesforbund reagerer på brevet.

– Me må utan tvil senke ambisjonsnivået, og det kjem til å råke publikum, seier tillitsvalt Magnus Nilsen i Vestfinnmark politidistrikt til Nettavisen. (©NTB)

Til toppen