TELEFONSVINDEL: Folk har blitt ringt opp av engelsktalande personar som hevdar dei jobbar for Microsoft. Politiet ber folk om å legge på. 
TELEFONSVINDEL: Folk har blitt ringt opp av engelsktalande personar som hevdar dei jobbar for Microsoft. Politiet ber folk om å legge på. 

Politiet åtvarar mot telefonsvindel

Fleire har blitt oppringt frå folk som seier dei er frå Microsoft.

Årdal/Lærdal: Politiet åtvarar folk mot telefonsvindel på sin Twitter-konto torsdag.

Der skriv dei at mange har blitt oppringt av engelsktalande personar som hevdar dei jobbar for Microsoft og vil ha tilgang på datamaskina di.

– Det vert ringt frå både norske, russiske og ukjende telefonnummer. Ikkje gjer som dei ber om – legg på, er oppmodinga frå politiet.

Til toppen