Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Ina Eirin Eliassen)

Politiet åtvarar: Myntar på trappa kan vera merke for ugjestmildt besøk

Ikkje tru at nokon har lagt pengar på trappa di for å gje deg ein slant i gåve.

Sogn og Fjordane: Politiet i Sogn og Fjordane twitrar tysdag føremiddag at dei ber folk vera obs dersom dei finn myntar på trappa , gule lappar på postkassa eller liknande. Dette kan nemleg vera "merking" for seinare besøk, som truleg ikkje er av det gjestmilde slaget.

Måndag kveld twitra også politiet at dersom nokon ringjer og seier dei er frå Microsoft, må ein ikkje gje frå seg opplysningar. I ei ny twittermelding står det at Microsoft aldri ringjer sine kundar, så slike oppringingar er forsøk på svindel. Såleis bør ein berre leggja på så snart som råd.

Til toppen