Sogndal: Det er regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, som stadfester dette overfor NRK.
– Saka er sendt til påtalemakta for vurdering og endeleg påtaleavgjerd, seier han.
Det var jenta sine biologiske foreldre som melde ein kommunelege, barnevernet og fosterforeldra til politiet etter at den 13 år gamle jenta vart funnen død i senga si.
Les også: Barnevernet får kritikk etter at barn døydde
Jenta var under Sogn barnevern si omsorg og rett over nyttår vart dødsfallet gjennomgått i ein tilssynsrapport frå fylkesmannen. Der vart det mellom anna peika på at barnevernstenesta har mangelfull dokumentasjon i saka og at tenesta burde gitt fosterheimen tydelegare råd.
Til NRK seier Johannessen at dei har avhøyrt over førti personar. I tillegg har Kripos hjelpt til med å leie etterforskinga og gjennomføre avhøyr. Regionlensmannen trur ikkje det vil drøye lenge før påtalemakta kjem med ei avgjerd.