Sogndal: Regionlensmann Arne Johannessen vil ikkje spekulere i om etterforskinga gir grunnlag for å ta ut tiltale.

– Vår oppgåve er alltid å belyse om her har skjedd noko straffbart eller ikkje, så blir det opp til påtalemyndigheita å gjere sine vurderingar. Det er ikkje mi oppgåve eller noko eg ønskjer å ta stilling til, seier Johannessen.
Les også: Søk etter sakna mann (37) held fram
Les også: Familien ber om hjelp til å få den sakna Christer heim
To separate saker
Det var i mai at ein 37 år gamal mann frå Årdal kommune vart meldt sakna etter ein tur ved Haukåsen i Sogndal.
Les også: Har leitt på eit område på 11 000 dekar
Regionlensmannen seier det i prinsippet dreier seg som to saker. Det eine er sjølve forsvinninga og omstenda rundt den. Det andre er etterforskinga mot Melås Helse, føretaket som hadde ansvaret for den sakna, og heimkommunen til mannen.
– Det er har vore ei nokså omfattande etterforsking, med mange dokument og mange som har vore inne til avhøyr, mellom anna noverande og tidlegare tilsette hos Melås, seier Johannessen.
Fylkesmannen ventar på svar
Ti dagar etter forsvinninga varsla Fylkesmannen at dei startar ei eiga gransking av forsvinninga. Målet var å finne ut om 37-åringen vart passa på godt nok då han forsvann.
Assisterande fylkeslege Linda Svori seier dei no har avslutta dokumentasjonsinnhentinga.
– Me har fått inn all dokumentasjon som me tenkjer me kan få inn. Det me ventar på før vi kan vurdere og konkludere i saka, er dokumentasjonen frå politiet, seier Svori.
Heller ikkje ho vil avsløre kva konklusjonar dei har kome fram til i granskinga.
– Det kan eg ikkje gjera. Ikkje på dette stadiet, seier ho.