VIS DEI VEKK: Politiet oppmodar folk om å vera på vakt dersom dørseljarar kjem på døra og at ein ikkje skal sleppe dei inn i huset. 
VIS DEI VEKK: Politiet oppmodar folk om å vera på vakt dersom dørseljarar kjem på døra og at ein ikkje skal sleppe dei inn i huset. 

Politiet: – Avvis pågande dørseljarar

Beskjeden frå politiet er klar dersom nokon kjem på døra for selje deg ting.

Årdal/Lærdal: Over heile Indre Sogn har pågåande seljarar av utanlandsk opprinning vore på dørene til folk for å prøva å selja ulike ting.

Førre veka vart ti stykk vist vekk av politiet frå Årdal og Lærdal. Tilbakemeldinga frå publikum var at personane var pågåande. 

Les også: Politiet viste vekk dørseljarar

Dei siste dagane har også fleire andre kommunar opplevd det same, og søndag kom ei melding frå politiet som er klar:

– Me har fått mange telefonar om dørseljarar i Indre Sogn og ber publikum om å vere på vakt og ikkje sleppe nokon inn i huset.

Til toppen