OBS: Pass på lappar i dør og dørsprekker.
OBS: Pass på lappar i dør og dørsprekker. (Foto: Arkiv)

Årdal: Politiet ber folk vera obs på lappar som blir festa på dører hjå folk

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Årdal: Folk på Årdalstangen har oppdaga lappar som er festa oppå dører og i dørsprekk på bustad. 

– Dette er ein vanleg måte som blir brukt for å sjekka om folk er heime, og om det er bevegelse i boligen, opplyser Tatjana Knappen ved operasjonssentralen. 

Ho seier at politiet ikkje gjer noko vidare med saka, men at folk i området kan vera obs. 

– Viss folk opplever tilsvarande kan dei varsla politiet. 

Til toppen