SJEKK EIGEDOMMAR: Det er beskjeden politiet no gir til alle innbyggjarane i Øvre Årdal etter at søndagen ikkje har gitt nye spor. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
SJEKK EIGEDOMMAR: Det er beskjeden politiet no gir til alle innbyggjarane i Øvre Årdal etter at søndagen ikkje har gitt nye spor. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Politiet ber innbyggjarane i Øvre Årdal sjekka eigedommane sine

Søndag ettermiddag har politiet framleis ikkje spor etter den sakna mannen.

Difor ber dei no alle i Øvre Årdal om hjelp. Laurdag bad politiet alle i Utladalen om å sjekke eigedommane sin etter spor.

No ber dei alle innbyggarane i Øvre Årdal om å sjekke eigedommane sine i håp om at det vil gi spor som kan fortelja kor den sakna 24-åringen frå Eritrea kan vera.

Då Porten.no snakka med operasjonsleiar Helge Øvstetun tidlegarei dag, fortalte han at dei har konsentrert søket rundt elv og vatn i dag.

LES OGSÅ: Vil komma i kontakt med joggar

– Ikkje fordi me trur han ligg der, men fordi me har gjort eit grundig og godt søk på land. Sivilforsvaret går no langs vasskanten på Årdalsvatnet og opp mot sentrum, seier Øvstetun til Porten.no.

Dette har skjedd

SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.
SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Ein 24 år gamal asylsøkar frå Eritrea er meldt sakna i Øvre Årdal. Torsdag 12.00 blei mannen observert då han kom med buss frå Årdalstangen. 

LES OGSÅ: Konsentrerer søket rundt elva

Politiet fekk først melding om at mannen var sakna fredag klokka 12.00, eit døgn etter. Seinare er det gjort observasjonar ved Naturhuset i Skåri og framme i Vetti i Utladalen som kan passa skildringa av mannen. 

Politiet har difor konsentrert leitinga si i Utladalen og i turområde som 24-åringen nytta. Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, representantar frå kommunen, Norske Redningshundar og politiet, til saman rundt 40 personar, er i sving for å leita etter eritrearen. Også eit Seaking-helikopter har blitt nytta både i leitinga og til å frakte mannskap ut i områda dei leitar.

Førebels står politiet utan fleire spor, men har bedt publikum om å halde augo opne. Dei ber også bebuarar i Øvre Årdal om å sjekke eigedommane sine etter moglege spor.

24-åringen er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Til toppen