ETTERFORSKING: Magne Knudsen, lensmann i Årdal, ønskjer tips frå publikum for å koma nærare årsaka til brannen. Arkivfoto
ETTERFORSKING: Magne Knudsen, lensmann i Årdal, ønskjer tips frå publikum for å koma nærare årsaka til brannen. Arkivfoto

Politiet: – Brannen starta truleg utvendig 

Politiet er no i gang med rundspørjingar i området for å finne årsaka til brannen i ei bueining i Øvre Årdal måndag kveld. 

Magne Knudsen, lensmann i Årdal, fortel at politiet no gjennomfører avhøyr av aktuelle personar og har no ei rundspørjing i området der brannen starta i Øvre Årdal måndag kveld, for å koma nærare brannårsaka. 

Les også: Seks personar evakuert etter brann

Starta truleg utvendig

– Me er rimeleg sikker på at brannen starta utvendig ved inngangspartiet til bueininga. Saka vil bli etterforska breitt. I morgon vil det koma teknikarar får å gjera åstadsundersøkingar, for å avkrefte eller bekrefte eventuelle teoriar om årsak, seier Knudsen.  

Til no har politiet ingen mistanke om at brannen er påsett. 

Ønskjer tips frå publikum

– Har du opplysningar eller bilete så tidleg som råd frå staden det brann, er det viktig du tek kontakt med politiet. Det kan gi teknikarane viktig informasjon når dei går i gang med åstadsgranskinga for å finne ut av årsaka, oppmodar Knudsen. 

Telefonnummer til lensmannskontoret i Årdal er 57 64 87 80.

Må finna bustadar til fem personar

Kommunen er i gang med å kartlegge og å finne andre bualternativ til dei råka og tilbyr beburarane oppfølging og set inn tiltak der det er behov fortløpande, seier fortel Kristiane Seim, leiar for spesialomsorg i Årdal kommune. 

Klokka 13 måndag er pårørande og brukarar invitert til eit møte for å få informasjon og for å kunne koma med spørsmål. 

Les også: Må finna bustadar til fem personar etter brannen

Til toppen