Balestrand/Fjærland: Klokka 19:52 kom twittermeldinga frå politiet som stadfesta at ein sakna mann i 30-åra hadde blitt funnen død i fjellområda mellom Balestrand og Fjærland.
– Vi veit ikkje kva som har skjedd og nøyaktig kor det var, men helikopteret fann han etter kort tid, seier innsatsleiar Kjell Bolsøy i politiet til NRK.
Etter oppfordring frå politiet valde fleire media å halde attende opplysinga om funnet til pårørande hadde blitt varsla.
Det var like etter klokka 17.00 i dag at det vart sett i gang ein leiteaksjon etter ein sakna person i 30-åra. Vedkomande hadde ikkje blitt sett sidan han drog ut på tur til Melsnipa i Balestrand på laurdag. Han vart meld sakna av familien.
Seaking er på veg inn i området for å søke etter den sakna
— PolitietSognFjordane (@politietsognfj) 9. mai 2017
Seaking er på veg inn i området for å søke etter den sakna
Funnen omkomen
Skredgruppa i Sogn vart varsla og fleire frivillige melde seg til teneste via ei facebookgruppe dedikert til toppturar i Sogndal. Grunna mogleg skredfare valde politiet først å berre sette eit seakinghelikoper inn i søket.
– Vi må undersøke om det er trygt før vi kan sende inn anna mannskap, sa Olaug Holme ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø like etter at leiteaksjonen var iverksett.
Ho stadfesta då at politiet hadde funne bilen til den sakna i Jordal i Fjærland, utgangspunktet for turen.
Ifølgje vitner på staden hadde dei første av leitemannskapa allereie byrja å samle seg i Fjærland rundt klokka 18:30.
Halvannan time seinare vart det altså stadfesta at den sakna var funnen død i fjellet.
