Politiet: – Dette er svindel

Politiet: – Dette er svindel

Så var det tid for telefonar frå Microsoft att.

Årdal/Lærdal: For tredje gong på kort tid åtvarar politiet mot frekke telefonar frå personar som hevdar dei er frå Microsoft.

På telefon ber dei folk om å oppgi personlege opplysningar, samt utføre diverse ting på datamaskina. Dette har allereie ført til at enkelte har blitt svindla.

Onsdag har politiet igjen fått mange telefonar frå hjelpsame personar som har blitt oppringt, og via Twitter kjem politiet med følgjande oppmoding:

– Om nokon ringer uoppfordra og seier dei er frå «Microsoft», og ber deg gjere operasjonar på pc'en din, så legg på! Dette er svindel!

Til toppen