FALSK ALARM: Gudvangatunnelen vart i kveld stengt i 15-20 minutt på grunn av ein plastpose i vegbana.
FALSK ALARM: Gudvangatunnelen vart i kveld stengt i 15-20 minutt på grunn av ein plastpose i vegbana.

Politiet etter tunnelstenging: – Viste seg å vere ein plastpose

Ein overivrig meldar trudde det låg stein i vegbana, men entreprenøren som vart sendt ut for å rydde opp kom til ein annan konklusjon.


Aurland: Like etter halv åtte meldte Vegtrafikksentralen at Gudvangatunnelen var stengd på brunn av meldingar om stein i vegen

Entreprenør vart sendt til staden, men det viste seg å berre vere ein plastpose.

Tjue minutt seinare kom meldinga om at tunnelen var opna at, med eit lite stikk frå politiet.

– Viste seg å være ein plastpose. Ber folk være meir observante før dei melder frå om stein som fører til stenging av tunnel, skreiv politiet på sin twitterkonto etter hendinga.

Til toppen