DØD MANN: Politiet har opna etterforsking etter at ein mann er funnen død på Hafslo i Luster. Foto: Christian Blom/Porten.
DØD MANN: Politiet har opna etterforsking etter at ein mann er funnen død på Hafslo i Luster. Foto: Christian Blom/Porten.

Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall i Luster

Ein utanlandsk mann i 40-åra vart i dag tidleg funnen død i ein bekk ved ein gangveg på Hafslo i Luster.

Hafslo: Politiet fekk melding om dødsfallet rundt klokka åtte søndag tidleg. Det var nokre naboar som hadde funne vedkomande. Det er uklart kva som har skjedd.

– Vi har åstadsgranskar på staden for å finne ut om det har skjedd noko straffbart eller ikkje. Men det er alt for tidleg å seie, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Han vil ikkje svare på om det er teikn på vald på den omkomne. 

– Vi mistenker ikkje noko spesielt, utover at vi etterforskar det som eit mistenkeleg dødsfall, seier Næss.

Han seier statusen på dødsfallet skuldast at vedkomande vart funnen ute og at dødsårsaka ikkje er kjent.

Mannen skal ha budd i nærområdet. Politiet er no i gong med å snakke med pårørande og vitner, i tillegg til at dei gjer tekniske undersøkingar på åstaden. Jobben blir gjort av nokre lokale politifolk frå Sogn og Fjordane.

NRK melder at den omkomne er sendt til obduksjon og at pårørande blir varsla av Kripos vi ambassaden til landet mannen kjem frå.

 

Til toppen