ULYKKE: Politiet frigjer namn på den unge mannen som omkom i badeulykka i Lærdal.
ULYKKE: Politiet frigjer namn på den unge mannen som omkom i badeulykka i Lærdal. (Foto: Tipsar)

Politiet frigjer namn på den unge mannen (18) som omkom i badeulykka i Lærdal

Namnet er frigjeve i samråd med dei pårørande.

Lærdal: Det var 18 år gamle Ingar Molde Paaske som omkom i badeulykka i Lærdal i går. Han blei erklært død på Haukeland universitetssjukehus i natt.

Det opplyser politiet om i ei pressemelding. Vidare skriv dei at Lærdal kommune har sett ned kriseteam, og at politiet har oppretta undersøkingssak. No jobbar dei med å få oversikt over kva som hende.

Lite nytt om hendinga

Magne Straumstein, lensmann i Sogn, fortel at det er ikkje så mykje meir nytt å fortelja om sjølve hendinga.

– Det som er nytt er at den unge mannen er bekrefta død, dessverre. Pårørande er orientert om at me har gått ut med navn. Så er det rutinemessig oppretta ein undersøkingsak om for å finne meir ut av kva som hendt, seier Straumstein.

Den omkomne blei funnen ein stad mellom Lærdal hotell og Lærdal ferie- og fritidspark, men lensmannen har ikkje opplysningar om spesifikk stad.

– Eg har ikkje heilt detaljar, men det var i området der han sist var sett.

Pregar eit heilt lokalsamfunn

Straumstein fortel at når det er person med adresse i Lærdal, og det ikkje er større enn at alle kjenner alle, så pregar det sjølvsagt alle.

– Det blir ope kulturhus og kyrkje. Ein prøver å ivareta alle som har hatt ein relasjon på ein god måte. 

Kulturhuset er ope i dag mellom klokka 11.00 og 13.00, medan kyrkja vil vera open for alle i ettermiddag frå klokka 15.00 til 17.00. Her kan dei som har behov for å prata med nokon etter ulykka samlast.

Bada med vener

Den unge mannen vart sakna etter å ha bada med venner utanfor Lærdal Hotel. Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.26, men det er usikkert kor lenge han var vekke før politiet blei kontakta. Han vart funnen av dykkarar klokka 17:22. Det er ukjent kor langt frå land og kor djupt i sjøen han blei funnen. HLR starta med ein gong, før han blei sendt til Haukeland med luftambulanse.

Brann- og redning kom på staden berre eit par minutt etter at alarmen gjekk klokka 16:30. Like etterpå kom eit redningshelikopter med dykkararar frå Bergen og ein redningsmann i luftambulanse frå Førde. 

Til toppen