ULUKKE: Kvinna datt i ein foss ved Fessene i Kinn kommune.
ULUKKE: Kvinna datt i ein foss ved Fessene i Kinn kommune. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Politiet frigjer namn på kvinna (26) frå Høyanger som omkom i Kinn

Omkom etter fall i foss.

Høyanger: Det var 26 år gamle Karoline Ynnesdal frå Sørevik, Bjordal, i Høyanger kommune som omkom etter at ho fall i fossen ved Fessene i Norddalsfjord i Kinn kommune på søndag. 

Det opplyser politiet i ein pressemelding.

I følgje Bergens Tidende var det eit par som gjekk på tur, då ein av dei datt i fossen. 

– Redningsmannskap fann den sakna, og ho blei flydd til Haukeland, sa Eric Willassen, redningsleiar ved Hovedredningssentralen på Sola, til avisa. 

Kvinna blei erklært død på Haukeland sentralsjukehus same kveld. 

Namnet er frigjeve i samråd med familien.

Til toppen