OMKOM: Føraren av bilen omkom i ulukka i Luster tysdag. Dagen etter går politiet ut med namnet på avdøydde.
OMKOM: Føraren av bilen omkom i ulukka i Luster tysdag. Dagen etter går politiet ut med namnet på avdøydde. (Foto: Christian Blom)

Politiet går ut med namn på den omkomne

Det var Vegard Nes Olsen (29) som omkom i trafikkulykka utanfor Hafslo tysdag.

Luster: Det opplyser politiet i ei pressemelding onsdag. Namnet blir offentleggjort i samråd med familien til den omkomne.

Passasjeren i bilen der avdøde var førar er opplyst til å vera mindre alvorleg skadd.

 – Ulykka blir framleis etterforska ved Sogndal lensmannskontor. Det vil bli tatt fleire vitneavhør i saka, samt tekniske undersøkingar av dei involverte køyretøya, skriv politiet.

Til toppen