Fjærland/Balestrand: Det var like etter klokka 17.00 tysdag at det vart sett i gang ein leiteaksjon etter ein sakna person i 30-åra. Vedkomande hadde ikkje blitt sett sidan han drog ut på tur til Melsnipa i Balestrand på laurdag.
Les også: Politiet: – Den sakna mannen er funnen omkomen
På grunn av mogleg skredfare vart eit seakinghelikopter sett inn i søket. Ifølgje politiet vart mannen raskt funnen. Han hadde køyrt på snowboard og vart funnen i nærleiken av Tverrelvi.
Til Firda opplyser politiet at den omkomne var funnen i svært ulendt terreng og at det ser ut til å dreie seg om ei fallulukke. Politiet vil halde fram med vitneavhøyr for å få eit betre bilete av kva som har skjedd.