BAK HYDRO: Det brant i åssida bak smelteverket til Hydro i Øvre Årdal.
BAK HYDRO: Det brant i åssida bak smelteverket til Hydro i Øvre Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Brannen i Årdal er sløkt – politiet har avhøyrt vitne og opprettar sak

Eit område ved Ytre Moa i Årdal kommune sto i full fyr onsdag kveld.

Årdal: Like over halv åtte onsdag kveld kom meldinga om brann i terrenget ved Ytre Moa i Øvre Årdal. 

BRENN: Terrenget ved Ytre Moa i Øvre Årdal brenn. Foto: Porten.no-tipsar

Brannen herja i eit område på om lag 150 ganger 150 meter. Både brannvesenet og politiet kom fort på staden. 

21.20 melde Vest politidistrikt på Twitter at brannen er sløkt. 

Politiet i Årdal har ein idé om kva som utlyøste brannen. 

– Vi har ei formeining om brannårsaka og avhøyrer eit vitne, seier Magne Knudsen, tenestadsleiar ved Årdal lensmannskontor. 

Han vil ikkje seia noko om kva dei trur er årsaka til brannen. 

Rykt ut med store ressursar

Eit titals personar frå både Øvre Årdal og Årdalstangen deltok i sløkkingsarbeidet. Det var kraftig vind og stor spreiingsfare, og brannen blei angripen frå fleire sider. 

– Vi har rykt ut med alt vi har av mannskap i Årdal, sa vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen til NRK.

Tidlegare på kvelden vurderte dei hjelp frå helikopter. Grunna flytid fram og at det ikkje er mogleg å fly når det er mørkt, er dette lagt vekk. 

– Mannskap jobbar med piskar i terrenget for å slå ned flammar, og i tillegg har dei fått fram tankbilar som sprøyter på med vatn så langt dei rekk, sa Terje Birkeland ved alarmsentralen til NRK.

Reporter på staden melde at det er veldig tørt i området og at det såg ut som at brannen starta langt nede.  

– Det ser ut som at brannen har starte heilt nede i terrenget bak Hydro, og at det har brent cirka 100 meter opp til Ytre Moa. Røyken går heilt opp til Moakamben, der dagsturhytta står. Eg ser at brannvesenet står ovanfor Ytre Moa og spyler ned i brannen. 

Det var ingen hus i umiddelbar nærleik av brannen. 

Til toppen