INNBROT: Politiet har arrestert ein mann i Sogndal.
INNBROT: Politiet har arrestert ein mann i Sogndal. (Foto: Arkiv)

Politiet følgde spora i snøen, fann godt bedugga vintjuv

Mannen som i natt braut seg inn på Kafé Krydder i Sogndal hadde ikkje teke høgde for nysnøen då han skulle lura seg unna.

Sogndal: I natt fekk politiet melding om eit innbrot på Kafé Krydder i Sogndal. Ein person hadde brote opp eit vindauge, og stole pappvin og vinflasker, i tillegg til ein sekk.

Sidan det hadde snødd, kunne politiet følgja fotspora til tjuven, og patruljen fann mannen eit lite stykke unna med tjuvgodset rundt seg, «godt bedugga».

– Han blir teken med til politistasjonen, der det blir forsøkt å ta avhøyr av vedkomande, men han er heilt ute, så dei må køyra han på legevakta, seier Morten Rebnord ved operasjonssentralen.

Tjuven vart sleppt fri etter legebesøket, men politiet har oppretta sak og vil forsøka å avhøyra mannen i ettertid.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen