TIPS FRÅ PUBLIKUM: Etter innbrotet på Hafslo på torsdag, sa politiet at dei ville ha tips frå publikum.
TIPS FRÅ PUBLIKUM: Etter innbrotet på Hafslo på torsdag, sa politiet at dei ville ha tips frå publikum.

Politiet har arrestert to menn, mistenkte for å stå bak to innbrot i Sogn

Politiet har arrestert to rumenske statsborgarar etter at alt tilgjengeleg mannskap vart satt i sving for å jakta på innbrotsjuvane natt til laurdag. Mennene er mistenkt for å stå bak to innbrot i Sogn, og fire i Sunnfjord dei siste dagane.

Indre Sogn: To av innbrota skjedde i Solvorn og Hafslo på torsdag, medan dei fire andre har har skjedd i Sunnfjord. Det skriv NRK.

Etter det siste innbrotet i Sunnfjord fredag kveld, vart alt tilgjengeleg mannskap i både Sunnfjord og Indre Sogn satt i sving. 

Innbrota har tydelege likskapstrekk

Natt til laurdag hadde politiet ei større jakt på innbrotsjuvane med mellom anna patrulje på vegane og fleire kontrollpostar. 

– Den taktikken gav resultat. Vi stoppa all trafikk, og i den eine bilen var det to menn. Vi undersøkte bilen, men måtte sleppe den vidare sjølv om magekjensla ikkje var god. Men i løpet av kort tid fekk vi meir informasjon frå den eine åstaden, og då var vi heilt sikre på at det var dei rette mennene. Då hivde vi oss rundt og patruljen i Sogndal klarte å fange dei opp, fortel innsatsleiar i Sunnfjord, politioverbetjent Gunnar Englund.
 
Mennene, i 20-åra og 30-åra som er mistenkt for innbrota sit no i arresten, og skal framstillast for varetektsfengsling på måndag. Politioverbetjent Gunnar Englund har kun vore i dialog med ein av mennene, og fortel at den rumenske startsborgaren nektar for å ha noko med innbrota å gjere.
 
Englund vil ikkje gå i deltaljar på kva som knyter mennene til innbrota, men alle innbrota har tydelege likskapstrekk.
 
Innbrota har skjedd på dagtid i private bustadhus. Innbrotstjuvane har brukt same framgangsmåte, samt har rota mykje i husa. Kun lett omsettelege eigendelar som til dømes smykker er stolne. 
 
– Vi har ikkje funne tjuvegods, men har gjort beslag i private eigendelar som tilhøyrer mennene, seier Englund.
Til toppen