I LJOS LOGE: Det ærverdige huset på Stedjetunet i Sogndal tok fyr seint sundag kveld og brann dels ned natt til måndag.
I LJOS LOGE: Det ærverdige huset på Stedjetunet i Sogndal tok fyr seint sundag kveld og brann dels ned natt til måndag.

Politiet har ein tanke om kvar brannen i Stedjetunet i Sogndal kan ha starta

Dei har ein teori som dei jobbar vidare med 

– Vi har ei formeining om kvar brannen har starta, men ynskjer ikkje på dette tidspunktet av etterforskinga å seie noko meir om kvar, eller kva som kan vere årsak til brannen, seier brannetterforskar Jan Bjarte Skrøppa til NRK

Politiet er i gang med etterforskinga etter brannen, og har både vitneutsegner, foto- og videobilete og tekniske analysar å stø seg på. 

Politiet uttalar til NRK at takka vere at huset ikkje brann ned, har dei kunne leita etter brannårsaka i husrestane. I tillegg har dei sikra seg tekniske spor som dei har sendt til selskapet Etrygg i Florø for analyse, eit selskap som til vanleg driv med tilsyn av trygg elektrisitet. 

Til toppen