BRANN: Brannen starta i ei leilegheit i andre etasje.
BRANN: Brannen starta i ei leilegheit i andre etasje. (Foto: Arkiv)

Politiet har frigitt namnet på den omkomne i brannen i Sogndal

Etter avtale med dei pårørande frigir politiet no namnet på mannen som omkom i brannen i Sogndal natt til sundag. Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: Det var 70når gamle Odd Loven som mista livet i Sogndals-brannen. 

Politiet kan ikkje seia noko meir om dødsårsaka enno. 

– Kriminalteknikarar har gjennomført undersøkinga på staden, men det er for tidleg å konkludera med kva som var brannårsaka, opplyser regionlensmann Inger Lill Lanes.

Politiet vil gjennomføra ytterlegare etterforsking i tida framover.

Til toppen