Årdal: Mannen som vart funnen død ved Fodnes i går er sendt til obduksjon, og sjølv om personen ikkje er formelt identifisert, går politiet ut med namnet i samråd med familien.
– Me har hatt ein god gjennomgang av saka med familien, som er inneforstått med at det truleg er han sidan det er ingen andre sakna i området, seier Knudsen.
Buhaug vart meld sakna måndag etter at bilen hans vart funnen i Meierigata på Årdalstangen. Då var han sist sett 20. mars.
Det vart sett i gang ein leiteaksjon, og rundt 19.00-tida blei ein person funnen omkomen aust for Fodnes.
Knudsen legg til at politiet har ingen mistanke om at noko kriminelt ligg føre.