RUSKONTROLL: Denne veka er det ruskontrollveke, og politiet i Sogn og Fjordane har så langt kontrollert 1500 køyretøy. 
RUSKONTROLL: Denne veka er det ruskontrollveke, og politiet i Sogn og Fjordane har så langt kontrollert 1500 køyretøy. 

Politiet har kontrollert 1500 køyretøy

Denne veka er det nasjonal ruskontrollveke.

Kaupanger: Politiet i Sogn og Fjordane har hatt omfattande rus- og trafikkontrollar denne veka. Sist ute var på Kaupanger fredag føremiddag der 35 sjåførar vart kontrollert.

Ingen av desse var påverka av rus, men to fekk gebyr for manglande førar- og vognkort. Ein fekk mangellapp for lys.

Så langt denne veka har politiet kontrollert 1500 køyretøy, der éin har fått førarkortet beslaglagt for å køyre i rusa tilstand.

Til toppen