ETTERFORSKING: Politiet etterforskar dei 13 hytteinnbrota i Gulen vidare.
ETTERFORSKING: Politiet etterforskar dei 13 hytteinnbrota i Gulen vidare. (Foto: Arkiv)

Politiet har mistenkte i hytteinnbrot-sak

Etter til saman 13 hytteinnbrot i Ytre Gulen før påske, har politiet no éin eller to personar mistenkte i saka.

Gulen: – Vi har ikkje pågripe nokon, men jobbar opp mot konkrete mistenkte. Alle innbrota har skjedd i eit avgrensa tidsrom i mars og har likhetstrekk som tilseier at same person eller personar har utført dei, seier lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg. 

I alle hyttene har det berre blitt teke alkohol, men det har også blitt noko skadeverk på hyttene under innbrota. 

Vangberg ønskjer ikkje å seie noko om korleis politiet har komme fram til dei mistenkte av omsyn til etterforskinga. Politiet har førebels ikkje hatt nokon inne til avhøyr. 

Ifølgje Vangberg tyder alt på at dei ansvarlege for innbrota har opphalde seg i Gulen i det aktuelle tidsrommet, men han kan ikkje seie noko om det er personar som bur i kommunen. 

– Fordi innbrota har skjedd over tid reknar vi med at dei har opphalde seg der og at det er dei same folka som står bak alle, seier han.

Til toppen