SAKNA: Mannen er sakna etter fjelltur i Balestrand.
SAKNA: Mannen er sakna etter fjelltur i Balestrand. (Foto: Arkiv)

Leitar etter mann som ikkje kom heim frå fjelltur i Balestrand

Stor leiteaksjon i Balestrand etter mann som ikkje kom heim frå fjelltur.

Balestrand: Politiet meldte på Twitter rundt klokka 11 at politiet har sett i gong søkt etter ein mann i 40-åra som ikkje er kome attende frå fjelltur i Balestrand. 

– Fjellet det er snakk om er Vindreken i Balestrand, og redningshelikopter frå Florø søkjer no etter mannen i området, seier Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Leitemannskap har no følgd stien til topps, utan resultat.

– Me held fram søket med full styrke, seier Samsonsen.

Blei meldt sakna av familie og kollegaer

Mannen la ut på fjelltur åleine søndag, og kom ikkje tilbake som avtalt.

– Han blei meldt sakna av familie og kollegaer. Mannskap og frivillige deltek no i søket, seier Samsonsen. 

Han seier at terrenget i området skal vera bratt og at fjellet er på over 1.200 m.o.h. 

– Me har funne bilen hans ved parkeringa, så det er utgangspunktet vårt.

Saka blir oppdatert. 

Til toppen