VELTA: Ein lastebil lasta med stein, fekk eit hjul utfor vegen og velta ved Voll i Vik.
VELTA: Ein lastebil lasta med stein, fekk eit hjul utfor vegen og velta ved Voll i Vik. (Foto: Odd Inge Gjeraker)

Politiet har sikra videobevis av semitrailervelt i Vik etter forbikøyring av buss

Politiet i Vik har vore i kontakt med bussjåfør og busselskapet.

Vik: Klokka 09:20 torsdag morgon fekk Vest politidistrikt melding om at ein lastebil lasta med stein hadde velta etter den fekk eit hjul utfor vegen på riksveg 13 ved Voll i Vik.

Ulukka skjedde i samanheng med ei forbikøyring, der lastebilen måtte legga seg ut. Lastebilen fekk eit hjul utanfor vegen og velta.

Politi ved Vik lensmannskontor har no samla inn bevis i saka.

– Det er dashbordkamera i vogntoget og kamera i bussen, så videobevis er sikra, seier Olav Jakob Aase, politibetjent ved Vik lensmannskontor til Porten.no.

Etterlyste rutebuss etter ulukka

På staden hadde den uskadde lastebilføraren sjølv fortalt at ulukka skjedde etter at ein buss køyrte forbi han, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt operasjonssentral. 

Etter hendinga gjekk politiet difor ut å etterlyste å kontakt med sjåføren av ein blå og kvit rutebuss, og ønskte tips frå publikum. Torsdag kveld fekk dei identifisert føraren. 

– Vi har vore i kontakt med buss og busselskap og bussjåfør. Det er vanleg etterforsking. Så får me sjå om det er noko å setje fingeren på etterkvart, seier Aase. 

Rykka ut

Då politiet fekk melding om lastebilvelten vart det full utrykking.

– Det kjem an på kva melding som kjem inn til politiet. Då det kom inn ei melding at ein semitrailer velta i det aktuelle området, som er litt bratt, valde me å rykka ut, seier Aase.

 

Til toppen