UTRYKKING: Politiet var sundag kveld på utrykking i Øvre Årdal.
UTRYKKING: Politiet var sundag kveld på utrykking i Øvre Årdal. (Foto: Arkiv)

Politiet har sikta mistenkt etter skota i Årdal

I helga blei det fyrt av fem skot med luftgevær mot ein bustad i Øvre Årdal.

Årdal: Sundag kveld fekk politiet melding om at ein person hadde oppdaga kulehol i eit bustadhus, og dei rykka ut til huset som ligg i Øvre Årdal.

UTRYKKING: Politiet var sundag kveld på utrykking i Øvre Årdal. Foto: Tipsar/Arkiv

– Det tyder på at det er skote fem-seks skot med luftgevær mot eit nabohus. Ein person blei pågripen og han har status som sikta i saka per no, seier fungerande regionlensmann Ove Andersen, til Porten.no. 

Ingen er fysisk skada etter hendinga, og det var ikkje fare for andre undervegs.

– Den sikta er overteken av helse, meir kan me ikkje seia om det, seier Andersen. 

Usikker på om handlinga var eit uhell eller bevisst

Han opplyser at vidare i saka må dei avhøyra dei involverte, og finna ut kva som var bakgrunnen for hendinga. 

– Me må snakka med huseigar, og den sikta når den tid kjem. Eventuelt må me snakka med vitner, og finna ut kva som er bakgrunnen for dette. Me veit ikkje om det er snakk om eit uhell, eller ei bevisst handling. 

Den fornærma blei teken hand om av lokalt helsepersonell etter hendinga.

– Viss det er slik at det er blitt skote mot huset hans, så er det jo ei skremmande oppleving, sjølvsagt. Eit vindauga var treft og ytterglaset knust, men som sagt så veit me ikkje så mykje om kva som kan vera bakgrunnen for dette enno, seier Andersen. 

Til toppen