Politibetjent Britt Brugrand fortel at dei fire hundepatruljane skal leite i dag og i morgon i området rundt Sogndal lufthamn på Haukåsen. Seksten dagar har gått sidan 37 år gamle Christer kom vekk frå turfølgjet som gjekk langs ein grusveg ikkje langt frå flystripa.
– Dei vil ta utgangspunkt i det punktet der den siste sikre observasjonen av den sakna vart gjort, seier Brugrand.
Les også: Ingen spor etter sakna 37-åring
Måten søket føregår på blir kalla rundering. Hundeførarane går langs inndelte linjer eller aksar i terrenget, medan hundane vert sendt ut til sidene for å søkje etter spor.
Hundane går etter lukt og varslar hundeførarane når dei oppdagar noko. Målet er sjølvsagt å finne den sakna, men eit kvart spor kan vere verdifullt.
– Hundane kan søke etter nøklar, belter, mobiltelefonar, jakker, kva som helst. Dei søkjer etter gjenstandar som ikkje høyrer heime i terrenget, seier Brugrand.
Les også: Vurdering av lege: – 37-åring er truleg omkomen
Haukåsen husar ikkje berre ein flyplass, det er òg eit populær turområde på Kaupanger. Politiet fryktar ikkje at all aktiviteten skal ha forsøpla eventuelle spor.
– Dei skal kunne finne det dei leitar etter likevel, seier Brugrand.
Lensmann Arne Johannessen har tidlegare sagt at politiet planleggjer ein større leiteaksjon tidleg i juli.