SAKNA: Kvinne i 40-åra er meldt sakna. Ifølgje Vest politidistrikt vart ho sist observert på tur til Fimreiteåsen i Sogndal kommune.
SAKNA: Kvinne i 40-åra er meldt sakna. Ifølgje Vest politidistrikt vart ho sist observert på tur til Fimreiteåsen i Sogndal kommune. (Illustrasjon: Arkiv)

Den sakna kvinna er funnen død

Den sakna kvinna i 40-åra er funnen død ved Fimreite, melder politiet, laurdag morgon.

Sogndal: Leiteaksjonen etter den sakna kvinna vart avslutta klokka 05.55, laurdag, etter at ho vart funnen død i terrenget, opplyser politiet. 

– Ho kan ikkje ha gått svært langt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Sogn Avis.

NATURRESERVAT: Fimreiteåsen, ytst på halvøya der Sognefjorden møter Norafjorden, tilhøyrer Fimreite naturreservat og er ein populær turplass i Sogn. Illustrasjon: Fylkesmannen.no

Til avisa seier politiet at kvinna var funne i terrenget på veg ut til Fimreite.

Dei pårørande er varsla.

Politiet legg vekt på at det ikkje er mistanke om noko kriminelt. 

Kvinna, som var meldt savna av familie, var sist sett då ho gjekk tur opp mot Fimreiteåsen naturreservat, melde Vest politidistrikt på twitter, laurdag morgon.

Frivillige mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder leita i turområdet.

Fimreiteåsen, ytst på halvøya der Sognefjorden møter Norafjorden, tilhøyrer Fimreite naturreservat og er ein populær turplass i Sogn.

Til toppen