POLITI: Aksjon skulestart vil halda fram ei stund til.
POLITI: Aksjon skulestart vil halda fram ei stund til. (Foto: Arkiv)

Politiet held fram med Aksjon skulestart

Politiet i Sogn og Fjordane har i samband med årets skulestart vore aktive og synleg langs skulevegane i heile fylket. Aksjonen fortsett med fullt trøkk.

Indre Sogn: Ei veke inn i nytt skuleår er 890 bilar kontrollerte. Så langt har 24 førarar fått reaksjonar frå politiet. Dét skriv politiet i ei pressemelding.

– Det gjennomgåande inntrykket er godt. At under 3 prosent av dei kontrollerte bilførarane fekk reaksjonar synar at folk er grunnleggjande opptatt av ei trygg skuleveg, sier leiar for Geografisk driftseining i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, i Vest politidistrikt.

Ingen brukte mobiltelefon

Til no har politiet hatt hovudfokus på sikring av born og bruk av mobiltelefon bak rattet. Totalt er det gitt 5 forenkla førelegg for manglande sikring av born og 7 gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Ingen førarar vart oppdaga med mobiltelefon i handa.

Under kontrollane fekk også seks førarar forenkla førelegg for å ha køyrd i strid med skiltinga i området. 

Held fram med skulestart-aksjonen

Aksjonen har blitt godt motteke av foreldre og lærarar og politiet varslar at dei vil halde fram kontrollane langs skulevegane.

– Me har fått veldig mange hyggjelege og positive tilbakemeldingar frå folk som set pris på at politiet tek dette med skuleveg på alvor. Det set vi pris på og vi vil fortsetja med full trøkk denne veka også, seier politiinspektør Arne Johannessen.

Til toppen