Årdal: I det høvet hadde politiet trafikkkontrollar rundt fleire skuleområde i Indre Sogn, der dei sjekka blant anna promille, fart og mobil- og bilbeltebruk.

Årdal fekk politiet hjelp av Årdal Tenk Tryggleik. Måndag kontrollerte dei 41 bilar på Årdalstangen og på tysdag kontrollerte dei 63 i Øvre Årdal.
– Me har fokus på trafikk tryggleik til skulestart. Det er kontrollar me gjer for å sikra at ungane kjem seg trygt fram til skulen, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal.
Knudsen: – Veldig nøgd
Av dei 84 kontrollerte var det éin førar som fekk bot grunna feil sikring av eit born, og lensmann Knudsen er nøgd med resultata så langt.
– Det ser veldig bra ut, med unntak av det eine gebyret i dag. Eg ser at det er nokre ting som kan småjusterast i trafikkbiletet, men eg er veldig godt nøgd med det eg har sett i Årdal.
Han seier han har fått gode tilbakemeldingar på kontrollane av politiet i Lærdal, òg.
Politiet vil halde fram med kontrollar i skuleområde i Årdal, Lærdal og Aurland ut veka.