ULUKKA: Elva på Årdalstangen der ulukka skjedde.
ULUKKA: Elva på Årdalstangen der ulukka skjedde. (Foto: Sunniva Knutsen)

Politiet i Årdal har oppretta sak etter at motorsyklist havna i elva

Ulukke på Årdalstangen måndag kveld.

Årdal: Det var i går ein tipsar tipsa Porten om at ein motorsyklist hadde køyrt i elva på Årdalstangen.

– Det stemmer, det var ei mopedulukke i går kveld rundt klokka 19:30, seier Magne Knudsen, politioverbetjent og tenesteleiar i Årdal.

Føraren er no sendt til Haukeland universitetssjukehus for helsesjekk. 

– Tilstanden hans i dag veit me ikkje noko om endå. Føraren, ein mann i 30-40-åra, greidde ikkje svingen ved Jernbanebrui og hamna dermed i elvekanten. 

Har oppretta sak

Då politiet kom til staden var føraren komen opp av elva. 

– Hastigheiten er ukjend, men me utfører rutinemessig etterforskning og har oppretta sak, seier Knudsen.  

Til toppen