ARRESTERT: Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane er arrestert i Spania.
ARRESTERT: Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane er arrestert i Spania. (Foto: Arkiv)

Kripos får hjelp av Interpol til å samla inn informasjon om arrestert mann i Spania

Men politiet vil ikkje seia kva mannen er sikta for.

Sogn og Fjordane: Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane har sidan torsdag i førre veke sete i arresten på Mallorca i Spania.

– På oppfordring frå Vest politidistrikt har me teke kontakt med spansk politi gjennom våre kanalar, først og fremst Interpol, for å henta inn informasjon om saka. Informasjonen me får vil me vidarebringa til politidistriktet, seier Axel Due, kommunikasjonsrådgjevar i Kripos.

Det var Sogn Avis som først melde om hendinga laurdag.

Den arresterte mannen var med som følgje for elevar på ein privat russetur. Elevane er frå to ulike vidaregåande skular i fylket, til saman rundt 85-90 stykk var med på turen. 

– Kva er mannen sikta for?

– For svar på det, må eg be deg kontakta lokalt politi i Spania, seier Due.

Porten.no har enno ikkje lukkast med å koma i kontakt med politiet i Spania.

Foreldra har fått informasjon

Utenriksdepartementet vil heller ikkje seia kva siktinga i saka går ut på.

– Det er ikkje slike ting me uttalar oss om. Det einaste me kan gjera er å stadfesta at det er ein norsk statsborgar som er fengsla der, seier pressekontakt Ane Lunde i Utenriksdepartementet.

– Kva er dykkar rolle i saka?

– Me har inga rolle anna enn å bistå vedkomande om han ønskjer det. Førebels har me ikkje blitt kontakta om det, seier Lunde.

Heller ikkje dei lokale politikontora kan kommentera kva saka gjeld.

– Rykte kan me ikkje kommentera. Det er spansk politi som jobbar med saka. Det me har gjort er følgja opp foreldra til elevane, og gitt dei naudsynt informasjon, seier ein lensmann i Sogn og Fjordane.

Skulen følgjer opp elevane

Den eine skulen opplyser at omlag 40 av deira elevar var med på russeturen, men at den skjedde i privat regi.

– Me følgjer opp dei involverte partane. Det har me gjort denne helga, og me kjem til å gjera det utover veka, seier rektoren ved skulen.

Han seier elevane verka rolege då dei kom att i helga. Rektoren har merka seg rykta som har gått, men understrekar at dei veit like lite om den eksakte hendinga som politiet i Norge.

– Dette er ei sak som blir handsama av spansk politi. Det har vore ei hending der nede og ein mann sit i arresten. Me er nøydde til å følgja opp elevane våre, på same måte som dei gjer på den andre skulen, seier rektoren.

Rektoren på den andre skulen opplyser at dei i dag tidleg hadde eit fellesmøte med dei tilsette og lensmannen.

– Me har informert dei tilsette om det dei treng å vita, om korleis me har tenkt å ta vare på elevane, og den elevgruppa som har vore involvert, seier rektoren, som var med på russeturen som forelder til ei av jentene.

Til toppen