Sogndal: Natt til søndag 20. januar byrja det å brenna i ei bustadblokk i Sogndal sentrum. Atten personar vart evakuerte, ingen av dei skal ha blitt skadde.
Derimot omkom ein 70 år gamal mann som budde i leiligheita der brannen starta.
Politiet har etterforska saka ferdig, og i slutten av juni vart det avgjort at saka blir lagt vekk, etter vurdering frå statsadvokaten. Det skriv politiet i ei pressemelding torsdag.
– Den omkomne vart obdusert etter brannen og det vart konkludert med at han døydde av akutt hjartesvikt før brannen var av vesentleg storleik. Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i denne saka, skriv politiet.
Brannvarslingsanlegget i blokka har óg vore under lupa i etterforskinga. Anlegget har blitt sjekka i samråd med Sogn brann og redning.
– Det vart konkludert med at brannvarslingsanlegget i fellesareala fungerte som det skulle og at det var etter forskrifta, skriv politiet.
- Les óg: Vart funnen av røykdykkarar