INGEN MISTENKTE: Funn av fyrstikker er blant spora som tyder på at brannane på Kaupanger i sommar var påsette. Politiet legg no vekk saka fordi dei ikkje har funnen mistenkte.
INGEN MISTENKTE: Funn av fyrstikker er blant spora som tyder på at brannane på Kaupanger i sommar var påsette. Politiet legg no vekk saka fordi dei ikkje har funnen mistenkte. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Politiet legg vekk etterforskinga av brannane – grunneigar skuffa

Meiner politiet kunne ha brukt meir ressursar på saka.

Kaupanger: Då tørken var på det verste i sommar starta seks skogbrannar på elleve dagar på Kaupanger. Politiet har no gitt opp å etterforska saka, utan å finna svar på kven som står bak. 

– Førebels er det ingen mistenkte, seier regionlensmann Inger Lill Lanes.

Skogeigar Anders Bjærke på Kaupanger er skuffa.

– Det var venta, men eg hadde håpa at dei ville etterforska litt meir for å koma til botn i saka. Men viss dei ikkje har mistenkte, så har dei ikkje det, seier Bjærke.

Minst fire brannar på same plassen

GIR OPP: Regionlensmann Inger Lill Lanes seier dei vil ta oppatt brannetterforskinga om . Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv

Han er òg kritisk til utrykkingstida til politiet då brannalarmane gjekk i sommar.

– Det gjekk bra no, men det er ikkje takka vera politiet. Dei var sist på plass omtrent kvar gong, seier han.

Regionlensmann Lanes seier dei sette inn ressursar i brannsaka, men at etterforskninga ikkje har ført fram.

– Eg har forståing for skuffelsen, men er samtidig glad for at brannane tok slutt då me byrja å undersøka sakene, seier ho.

Etterforskinga kan bli teken opp att viss det dukkar opp nye opplysningar eller nye spor. Til dømes har politiet enno ikkje fått svar på alle prøvene dei har sendt inn til Kripos for undersøking. 

Håpar på normal sommar

I skogen som tilhøyrer Amble gard byrja det å brenna fire gongar på ei veke innan ein radius på 200 meter. I haust fann dei nok ein plass der det var tent på, utan at nokon hadde oppdaga det.

– Heldigvis slukka brannen av seg sjølv, seier Bjærke.

 Han er framleis overtydd om at brannane er påsette. Og ikkje berre på grunn av fyrstikkfunna.

– Brannar byrjar ikkje på den måten der, seier han.

Sjølv om syndarane går fri, kryssar han fingrane for at det blir ein sommar utan skogbrannar til neste år.

– Me får håpa at den eller dei har forstått alvoret. Saka fekk såpass mykje merksemd at eg trur sjansane er små for at det skjer igjen. Folk er meir forsiktige, og tek forholdsreglar. Eg trur me har litt meir kontroll på det, seier Bjærke.

Til toppen