RESPONSTID: Politiet var like raske på pletten i fjor som året før – delvis litt raskare, viser ei måling av responstida i politiet.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RESPONSTID: Politiet var like raske på pletten i fjor som året før – delvis litt raskare, viser ei måling av responstida i politiet.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Politiet like raske som før

Politiet var like raske på pletten i fjor som året før – delvis litt raskare, viser ei måling av responstida i politiet.

Målinga viser at responstida for politiet på landsbasis er innanfor krava. 

I tettstader med meir enn 20.000 innbyggjarar var politiet framme innan 11 minutt etter at dei fekk melding i 80 prosent av hasteoppdraga. I tettstader med 2.000–20.000 innbyggjarar var responstida på slike hasteoppdrag 19 minutt og på mindre stader 29 minutt.

– Vi er svært fornøgde med at responstida til politiet er stabil eller til og med svakt redusert i ein periode med krevjande omstilling. I 2017 skal publikum kunne vente ei responstid på same nivået som i 2016 samtidig som vi skal leggje ein plan for ei langsiktig og gradvis redusering, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård i ei pressemelding.

Det einaste distriktet som ikkje innfridde i alle dei tre kategoriane, var Møre og Romsdal, der responstida i snitt var 1 minutt lengre enn kravet på 10 minutt i tettstader med mellom 2.000 og 20.000 innbyggjarar.

Målinga er den andre målinga av responstid i politiet.

(©NPK)

Til toppen